FEMTE VEKE
No har kvalpane vakse seg ut av kvalpekassa på kjøkkenet og fått meir leikeplass i uthuset. Dei hoppar og sprett omkring, og ser ut til å trives godt i det nye husværet sitt. Dei har fått helse på andre rasar og
 hatt besøk av mange ulike to-beinte. Leiken har fått meir lyd og utforskartrongen har blitt større:o)


Vakker og vaken.


Godt å kvile mellom slaga.

 


Oihh - du har mange krølla og store auge..

 


Gul dame helsar på Caisa.


Tussi er fin å herje med;)

 


Liten taz ute åleine i den store verda.


Ein liten sjarmør:)

 


Fint med ei pute som ligg heilt stille.

Tilbake til album