FØDSEL 13.11.2013

Første kvalpen kom til verda kl 13.02 og den niande kom om lag 19.40. Etter å ha
fundert ei lita stund på korleis ho skulle handtere første kvalpen, var morsinstinktet
på plass og kvalpane fekk både melk og omsorg.

Shakti har hatt god matlyst under det meste av svangerskapet og kvalpane var
store og fine; ein på 300 gram dei andre åtte 380 - 410 gram.


Førstemann er ute og har teke plass ved mor sitt hjarta.



Det vart brått mange å halde oppsyn med. Dei fire første kom i løpet av ein time.



Etter stell av mor var dei snare å finne fram til matfatet.



Shakti ser ut som ho er både fornøgd og sliten. Ni fødslar på seks og ein halv time
krev sitt. Godt at det var mat i fatet, seier no matmor:)


Godt å vere nær.

 Tilbake til album