SJUANDE VEKE
I løpet av denne veka har kvalpane fått helse på mange nye menneske og
oppsøkt nye miljø. Dei er no drevne passasjerar i bil, dei er nygjerrige på alt nytt og er
tilsynelatande fornøgd med livet.
Stas å bære på ting i denne alderen.
Nei klatremus, du får ikkje leike med mine julemus!
Viktig å ta seg ein blund, både for to- og firbeinte, når han Jon snik seg inn.
Staslege onkel Aiko må du vesle-tazen gjerne sjå opp til:)
Skal tru om denne storhunden har melk?
Kamerareimer er supre å tygge på!
Ut på biltur.
Sjå bror, det er noko som rører på seg der inne!
Mor og mormor visar veg inn i den store skogen som fører til sjøen.
Tang og tare ga nok nye smaksopplevingar.
Oihh - mormor Eejles er tøff altså, som tør å bli blaut på føtene;)
Dei har framleis mange felles interesser..
Godt å få ein styrkande tår når vegen blir lang å gå.
Oih - dette underlaget endra form og laga lyd når vi sprang over..