Tsaritsa av Vinterskogen

 

Tsaritsa er min første hund, og sjølvsagt av den grunn, heilt spesiell. Lell vil eg påstå at nokre av hennar opplevingar dei 9 første leveåra, gjer ho nokså særeigen òg.

 

Tsaritsa kjem frå Kennel Vinterskogen, frå Ingvild og Arild Espelien i Trondheim. Alt før ho vart fødd, var ho spesiell. Ho kom seg ikkje ut den vanlege vegen, og Ingvild såg det nødvendig å få fjerna det mykje sannsynelege daude fostret mor J-Porga ikkje klarte å få ut. Det bars til veterinæren i seine nattetimar, keisarsnitt var den einaste utveg. Da klumpen vart teke ut, ga han lyd frå seg – og der, der såg Tsaritsa lyset for første gong. Ei keisarinne måtte berre heite Tsaritsa. (Tsaritsaen var Tsaren si hustru i gamle Russland.)

 

Eg budde i Finnmark på den tida Tsaritsa kom til verda. Fekk ikkje kikka på ho og søskena medan dei var små, men ho mamma tok seg av både henting og frakt til

Finnmark. Opp av ein liten grøn bag kikka                                            Tsaritsa, 2 år.

det eit vakkert og roleg lite vesen. Det første leveåret gjorde         

ho seg kjent med fjæresteinar, måsegg og chinchillaer.

Vi sparka den vesle tettstaden på kryss og tvers og eg ropte; Høgre! Venstre! og Tsaritsa sprang. I 2000 flytta vi til Trøndelag att, og frå og med 2001 har vi vore aktivt med i Norsk Polarhundklubb avd. Midt-Norge.

 

Ein gjer ofte mykje rart i oppdraginga av den første hunden, men det vart hund av Tsaritsa, og det viste seg snart at ho hadde stor trekkvilje. Ikkje brydde ho seg om andre hundar når ho var i arbeid heller, så vi kunne jo suse gjennom skiløypa utan for mykje stopp og stå.Tsaritsa vart den perfekte turhund, og mange turar har det blitt, både sommar og vinter. Les meir om det under turar på menyen.

 

Tsaritsa måtte jo stille i løp, sa Ingvild. Løp? Jaja, vi vart med. Og Tsaritsa sprang seg inn til førsteplass. Den beste kommetaren vi har fått, er vel når ein meddeltakar kom på besøk i hytta etter løpet og sa; ”Jeg mente jeg hadde godt driv i sporet, å så kommer det en hund spaaseerende forbi.” Det var Tsaritsa i sitt langbeinte trav(les; pass(!))

 

Den største utfordringa vi to har brynt oss på når det gjeld løp, er vel Polarhundløpet. 10 mil. Det var i 2004, og Tsaritsa var i sitt livs form. Ho hadde tidlegare den vinteren vunne 1-spannklassa på klubbmeisterskapen. Det var da ho parkerte malamuttane bak seg, og ingen torte snakke høgt om det.

P-løpet gikk i strålande vêr det året, og Tsaritsa fullførte i god stil. Litt tull med selar og tapping av vassblemmer på skiløparen tok litt ekstra tid, så vi brukte litt over11 timar. Bronse i EM i Sverige klarte vi òg den vinteren.         Enkelte gamle damer liker unge menn...

 

Men, 2004 vart eit nokså spesielt år for Tsaritsa på andre område òg. Tsaritsa er fødd med små augehår, og utan at vi kunne ane konsekvensane, vart dei fjerna med laser i 2002. Etter det fekk ho dårlegare tåreproduksjon, og etter kvart produserte ikkje tårekjertlane fukt i det heile. Eg draup og smurte og Tsaritsa hadde klippekort hos augeveterinæren. Ho hadde tydleg smertar og til slutt måtte det til eit større inngrep. I 2004 fekk ho operert årer frå spyttkjertlane og opp til augo. Operasjonen var vellykka på venstre auge, men høgre auge var like tørt. Siste utveg var å fjerne auge. Når inngrep og sår begynte å gro, viste Tsaritsa ei tydleg glede over å ha fått fjerna ein smerte. Venstre auge er alltid vått, men det har ho levd godt med i 4 år no.

 

Hausten 2005 fekk ho konstatert  jursvulst, og fekk fjerna 7-8 store og små svulstar som vart stadfesta som blandingstumur; svært vondarta med fare for hurtig spreiing.

 

Vel – Tsaritsa lever i sitt beste velgåande, glad i å leike, glad i tur, glad i godbit, spring ikkje like fort som ungdyra, men tek hovudansvaret i oppoverbakkane når det røyner på. Og tek eg ikkje heilt feil, er ho framleis alfatispa i hundegarden.

Tsaritsa er laga av krut! (Dette vart skrive i oktober - 08)

 
13.01.09 døde Tsaritsa, med hjelp frå veterinæren. Ho fekk tilbake jursvulstar, og det var uvisst kor mykje det hadde spreidd seg til andre delar av kroppen.  

Tilbake