Eejles av Vinterskogen


 

 

 

 

 

 

 


Eejles kom til verda ein vakker haustdag i 2005, og eg var så heldig å få vere med på fødselen. Ho vaks opp i ein søskenflokk på 8. På bilde til venstre er ho 5 veker.

Da vi kom heim første kvelden, fann Eejles sjølv kvalpeseng. Eg hadde vore på ein lengre fjelltur før eg henta kvalpen, og var klar for ein dusj da vi kom heim. Eg droppa turkleda i ei balje. Eejles tassa rundt på badet og eg inn i dusjen. Og der - i balja med mykje god turlukt, hadde ho funne seg godt til rette. Svært praktisk - da var det berre å flytte balja inn på soverommet, første forventa utfordring var eliminert, og der sov ho sin søte pelsvesensøvn:o)


 

 

 

 

 

 

 


Boginja syntest det var flott å få ein leikekamerat. På NP Midt-Norge sitt årsmøte på Langen i 2006, hadde vi eit kvalpetreff. Her er Jara, Fløte, Eejles og Charlie.



 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eejles 11 veker, og full av undring over alt nytt. Ho ville gjerne gå i spannet, helst mellom dei store.

                                                Tilbake til Eejles-sida

Tlbake til kvalpesida