OM MEG

 

Eg heiter Helga, har hus, hage og hundegard 5 km frå Steinkjer sentrum. Eg trivst godt ute, og interessa for friluftsliv var ein av grunnane til at eg valte rasen samojed. Noko eg aldri har angra på.  I mars 1999 kjøpte eg Tsaritsa, og ho vart ein trufast venn i 10 år. I 2002 kom Boginja til oss, og Eejles gjorde sin entre ein kald desemberkveld i 2005. Shakti vart fødd på kjøkkenet mitt  i oktober 2008. Buffy vart fødd i november 2013, ho òg på kjøkkenet mitt.

 

Eg er glad i å gå på ski, og har vore på mange overnattingsturar, både i lag med andre og åleine. Åleine er ein jo aldri da, når ein har meg seg hund.;-) Vi har òg delteke i eit par løp kvar vinter frå 2002 -2009. 

Før eg kjøpte meg hus hadde eg no tid til interesser innan kunst, handverk og kultur òg, men no er det mest hage og husrehabilitering. (Det siste ein nokså påtvungen hobby.)

Eg er utdanna gartnar, lærar og kommunikolog.               
         


Før hund vart ein del av livet mitt, har eg flytta ein del i inn- og utland. M.a. har eg budd mange år i Nord-Noreg, og er glad eg har blitt prega av nordnorsk humor og moral, mellom høgfjell og hav. Mykje vakkert landskap og natur for friluftsliv der.
 

I september 2007 tok eg med meg hundane og flytta til Svalbard for ein periode. Eg arbeidde som handlar i ein hundegard med 50 hundar. Grønlandshund, husky og grønsky (blanding av dei to rasane). Ei tøff, nyttig og rik erfaring. Eg lærte ein del om hundehald, hundespråk, hundekjøring og slit der. Samojedane mine fekk prøve seg i spann med huskyar og grønlandshundar, og det gikk berre godtJ

 

 

 

www.samojedhund.org